Verdi gjeng av hengslane um det ikkje vert gjort noko med klimaet fær me vita. Vel, vel alt er relativt og klimaet hev både vore varmare og kaldare enn i dag.
Det som er heilt visst er iallfall at verdi gjeng av hengslane kvar gong det skal vera eit klimatoppmøte. Då kjem alle kristensosialistane, raddisane, yrkesdemonstrantane, miljølobbyistane og so burtetter på bana. Bråket og levenet med demonstrasjonar og karneval i Kjøbenhavn er mest til å le seg krokute av.
Millom anna 9 biskopar og eit upptog av kristne frå Noreg skulde ha klimagudstenesta i København. Desmond Tutu skulde halda klimatale. Norske demonstrasjonar klagar yver at dei vart stripsa, og danske raddisar klagar yver at dei ikkje fær laga kaos. Det er jo ein demokratisk rett, må vita.
Og når ein ikkje kann fisa utan at ein aukar miljøureiningi, so må all reisingi til København vera fullstendig øydeleggjande både for isbjørnar og anna liv på planeten.
sundag, desember 13, 2009
Miljøvern og København
Lagt inn av
Marøy
kl.
6:38 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
sundag, desember 06, 2009
Pontoppidan um den gode læraren
Eg må segja at det finst ein del godbitar for dei som vil studera tilhøve millom elev og lærar. Ein slik godbit er Jens Bjørnboes kort essay om den gode elev. Men då eg kom yver godbiten frå Pontoppidan nedanfor, humra eg grundig. Det finst verkeleg sure lærarar framleis og denne refleksjonen hev ikkje vorte mindre interessant på dei siste 200 åri
"Enda en ting er ønskelig ved katekisering, og verd å legge vinn på, nemlig et mildt, muntert og behagelig vesen hos læreren. Unge folk er oftest gemyttlige, og elsker godt humør, mens det motsatte byr dem imot. Dette bør læreren prøve å innrette seg etter såvidt hans naturell tillater. Han bør legge vinn på mildhet, vennlighet, og alt som kan gjøre at hans ord blir vel mottatt, at de unge synes godt om ham. Ofte taper Guds ord noe av sin kraft fordi læreren er altfor pedantisk, sur og mørk i sin fremferd. Det ubehagelige ved personen virker på hans ord og gjerning, og det skjer aller lettest blant unge og uforstandige mennesker. En prest som ser surt på dem og taler strengt til dem, virker på dem som en ubehagelig "busemann". Og når han fremfor andre kalles en Guds mann eller Guds tjener, så vil assosiasjonen gi dem et feilaktig begrep om den gode Gud selv, han som er Ordets Herre." (Språklig modernisert av dr.teol. Oddvar J. Jensen)
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:09 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
tysdag, desember 01, 2009
Sveits sjokkerar pk-etablissementet
Seks av ti sveitsarar skal ha sagt nei til minaretar i Sveits. Yverskriftene er store i svenske avisor: http://www.document.no/2009/11/sverige_i_fistel_over_sveits.html
Elles merkar eg meg at honestthinking hev teke inn ein kronikk frå Jyllandsposten som påpeikar at det er dei 47 domarane i menneskerettsdomstolen som avgjer kva som er gild moral. Ja, so fær vel berre sveitsarane venta på å verta irettesette av dette bruhovudet for islamisering.
Med dei rette parykkane minnar domarane meg mest av alt um dei barokke einevaldsherskarane. Kva fylgjor herredømet deira hev på oss andre kann ein berre undra seg på.
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:06 AM
2
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
sundag, november 08, 2009
Sverigedemokratane på Nrk
Nrk hev vore i Sverike og intervjua sverigedemokratane. Partiet vert umtala som islamfiendtleg og liknande, men i realiteten stend vel ikkje partiet for noko anna enn ei kritisk haldning til islam. Det er likevel nok til at leidaren for sosialdemokratane slær på stortromba. Ho meiner at alt er underordna å halda sverigedemokratane burte frå makti. Det interessante er at Mona Sahlin er so lite populær at folk heller vil ha Gøran Persson tilbake enn ha henne til statsministar, so kannhenda ho burde tenkja meir på seg sjølv og mindre på sverigedemokratane?
Lagt inn av
Marøy
kl.
6:52 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
torsdag, november 05, 2009
SOS-rasisme vedkjenner medlemsjuks
Avisa Klassekampen kann i dag avsløra at SOS-rasisme hev drive råkøyr på å få medlemer. So mange som 15000 medlemer kann vera reine svindelmedlemer. 'No sender organisasjonen sjølv ut brev til 15000 påståtte medlemer og bed deim svara på um dei reknar seg som medlemer.
Det er folk som hev skrive seg på eit upprop eller som SOS-rasisme hev greidt å huka tak i på andre måtar. Organisasjonen gjer krav på å ha 37 000 medlemer i utgangspunktet, men dersom 15 000 er svindel, vil det segja at organisasjonen sjølv hev juksa til seg nesten halvparten av medlemsmassen sin. Og kannhenda er dette berre toppen av eit isfjell.
Det er jo påfallande at SOS-rasisme greider å få til so mykje i Oslo, medan med i praksis ikkje høyrer noko frå organisasjonen elles i landet. Det tyder på at organisasjonen er toppstyrd og at ressursane som er bygde på svindel i stor grad kjem toppleidingi til gode, medan ingen ser seg tente med sterke lokallag.
Lagt inn av
Marøy
kl.
11:12 PM
1 kommentarar
Koplingar til dette innlegget
onsdag, november 04, 2009
Liverpool ein by i mitt hjarta
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:33 AM
1 kommentarar
Koplingar til dette innlegget
tysdag, november 03, 2009
Telefonkatalogen berre på nett frå no
32 prosent av norske husstandar hev ikkje tilgang til internett. Likevel skal telefonkatalogen ikkje koma i papirformat lenger. Grunngjevingi er at ein skal spara pengar og miljø. Fyremunar med papir er det visst ingen som ser.
Det endar vel med at folk sluttar å tenkja og byrjar å tru at internett kann gjeva dei svar på alt. Men kva då med alt som ikkje ligg på internett? Er me so fatige i dag at me ikkje kann prenta telefonkatalogen, korleis hev me då havt råd til det so fatige som me hev vore i tidlegare tider?
Lagt inn av
Marøy
kl.
11:10 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
måndag, november 02, 2009
sundag, november 01, 2009
Marøy og Strømstad i Strømmen
Lagt inn av
Marøy
kl.
11:51 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
tysdag, oktober 27, 2009
VG med dhimmi-tude sludder
Det er ikkje måte på kvar ein skal få høyra um islam i desse tider. Når ein sit og studerar upplysningstidi i Europa, vil ein jo tru at det er relativt uaktuelt å sjå noko som helst samband til den islamske verdi. Men VG yverraskar dei fleste av oss med ein informativ artikkel um islam og upplysningstidi. Me fær vita at det var dei muslimske tenkjarar so og so som levde på 1100-talet eller fyrr som var inspirasjonskrafti. Ja, for so langt tilbake måtte ein gå for å finna nokon av verde for upplysningstidi på 1700-talet. Og dette er naturleg nok langt viktigare enn ev. inspirasjon frå Bysants, kristendomen, europeiske tenkjarar, Aristoteles osb. Lat oss setja Dhimmistatus på oss og kulturen vår med ein gong, serleg på upplysningstidi.
På toppen av det heile dei som vert umtala som muslimar hev i liknande tilfelle vore noko heilt, t.d. erkekjettarar, persarar eller kannhenda til og med kryptojødar. Um nokre hundreår vert for alt eg veit Karl Marx, Freud m.fl. til muslimar dei òg.
Det mest uppsiktsvekkjande er likevel at grunngjevingi for å trekkja fram ein anti-islamsk kjettarfilosof er at det hev vorte halde eit symposium i Egypt som hev vedteke det heile. Kvifor ikkje likso godt slå fast at det er burtkasta å skriva upplysande artiklar på undervisningssidone til VG, gjerne i SN-regi?
Det er visseleg mogleg å argumentera for at islam gjennomgjekk upplysningstidi p å 1100-talet, men det må likevel ha vore ufatteleg myrkt på den tidi, og kor ljoset vart av vil eg gjerne vita. Det hev ikkje vorte til nokor kveik for folk i arabarlandi
Utdrag frå VG-nett
Globale sammenliknende analyser av opplysningstida er mangelvare, mener historikerne Dorinda Outram og Jonathan I. Israel. Opplysningstida var ikke bare et vestlig fenomen, noe for eksempel historiker J.J. Clarke har dokumentert grundig i "Oriental Enlightenment" (1997). Jonathan I. Israel argumenterer for at Spinoza la grunnlaget for epoken, men hevder også at flere tenkere på 1600- og 1700-tallet var inspirert av muslimske filosofer. Det er ikke rart. Middelalderen i Europa var gullalderen lenger øst i Middelhavet. Perseren Ibn al-Rawandi (815-900) banet vei. Han avskrev all religion og erklærte seg en "erkekjetter". Mu'tazilite-sekten, som oppsto i Irak på 800-tallet, forsøkte å forene rasjonalitet og gudstro, og mange insisterte på at Koranen var menneskeskapt.
>En av opplysningstidas skarpeste kritikere av europeisk tyranni, Pierre Bayle (1674-1706), mente muslimske fritenkere helt konkret banet vei for opplysningstida, inkludert hans eget tankemønster. Ibn Tufayl (1105-1185) var en inspirasjonskilde, spesielt hans didaktiske bestselger om en gutt som vokser opp på en øde, tropisk øy og som utvikler selvstendig, fornuftsbasert tenkning. Fabelen utkom på nederlandsk i 1672, av den samme forleggeren som utga Spinoza. Tufayls bok var igjen inspirert av Ibn Sina (980-1037). Begge, sammen med Ibn Baija (d. 1138), var forløperen for den mest kjente tenkeren fra perioden, Ibn Rushd (1126-1198), også kalt Averroes. Han advarte mot å blande teologi og filosofi, avskrev ideen om sjelens udødelighet og benektet guddommelige mirakler.
Opplysningstenkeren Leibniz mente det var en direkte forbindelse mellom averroisme og Spinozas filosofi, og dermed opplysningstida. På 1990-tallet fikk dette synet støtte av 34 forskere fra 18 forskjellige land og fem kontinent, som møttes i Kairo for å diskutere Ibn Rushds påvirkning på den europeiske opplysningstida. Resultatet ble boka "Averroes and the Enlightenment", som utkom i 1996, med forord av FNs daværende generalsekretær Boutros-Ghali. Det lar seg altså gjøre å argumentere for at islam har gjennomgått opplysningstida - 500 år før Europa.
Lagt inn av
Marøy
kl.
11:10 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
måndag, oktober 19, 2009
Fredrikstad og dei vinstreekstreme
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:45 AM
1 kommentarar
Koplingar til dette innlegget
Fredrikstad med hyggjeleg hotell
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:39 AM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
Noreg segjer nei til Gitmo-fangar
Jonas Gahr Støre hev sagt nei til å taka inn Guantanamo-fangar. Noreg hev nok personar som er ein fåre for rikstryggleiken slær han fast. Dessutan er asylinstituttet pressa nok som det er, legg han til.
For ein gongs skuld må eg verkeleg segja at eg sluttar heilhjarta upp um Gahr Støre. Nei, til Gitmo fangar, hald dei på Cuba. Obama hev framleis 220 fangar der. Dersom alle nektar å taka imot deim, vert han ikkje kvitt deim. Då vert det spanande å sjå um han skal køyra alle gjenom det amerikanske rettssystemet. Det kann verta ein underhaldande prosess.
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:33 AM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
tysdag, oktober 06, 2009
Bruce Springsteen nytt ideal i Vestmannalaget
Det er nye tider i Vestmannalaget i Bergen, det eldste mållaget i landet. Ein meldar i laget gjer dette klårt i og med at han hyller Bruce Springsteen på framsida av lagsbladet, Vestmannen. Ja, kva er Per Sivle, Aasen, Vinje og Sivle mot Springsteen?
Lagt inn av
Marøy
kl.
5:04 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
torsdag, september 24, 2009
Nokon må læra Raudt folkeskikk
Raudt kortsluttar og kuttar ut både folkeskikk og logikk. Denne gongen hev dei sett upp ulovlege plakatar i valkampen. Ikkje so rart sidan folk kring dette miljøet gjerne saboterar ytringsfridomen og den offentlege orden når dei kann.
Når dei vert konfronterte med dette, meiner dei at dei må takast på fersken um dei skal kunna straffast. Det same gjeld vel for alle lovbrot etter den logikken. So prøver dei seg med at dei ikkje kann kontrollera kven som set upp plakatane deira.
Det vil altso segja at dei delar ut valplakatar til folk dei ikkje kjenner. Det verkar rart, for dei politiske partii vert berre girugare og girugare med valkamptilfanget sitt. Det er mi røynsla. Dyre fargeplakatar er ikkje noko ein gjev frå seg til kven som helst.
Logikken til Raudts ungdom tek likevel kaka. Dei byrjar å hengja upp plakatar som skal vera frå eit departement. Då meiner dei at deptet bryt lovi. Korleis kann dei hevda det når dei segjer at plakatupphengjaren er uskuldig og dei sjølve vert tekne på fersken i å tilstå å ha utført udåden?
Nei, eg segjer som danske politifolk, me gjev dei so store bøter at det svid. Det kann vonlegt læra bermen folkeskikk. Det nyttar ikkje med silkehanskar.
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Disse-plakatene-er-ulovlige-935852.html
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:58 AM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
Bybana med nye sideverknader
Bybana i Bergen endrar bybiletet og skulde få folk til å endra vanar i høve til transportval. No viser det seg at syklistar vert utsette for fårlege trikkespor. Ein syklist hev hamna på sjukehus, og det kann vera tale um fleire nestenulukkor.
Det utrulege med bybana er at ho stort sett ser ut til å skulla gå på vegar der folk elles køyrer bil. Bybana vil altso ikkje verta meir effektiv enn trikken i t.d Oslo. Når trafikken stoppar upp, stoppar bybana upp. Og i tillegg til det so vert det mindre plass til den resterande trafikken, og det er tydelegvis syklistane som må lida for det.
Der andre byar i Skandinavia greider å setja av meir plass til trafikken, vert det mindre plass i Bergen. Jamvel Gøteborg med sine mange bruer og forviklingar greider seg betre enn Bergen.
Hadde ein gjort som i Stockholm kunde ein ha late ei tunnelbana gå yvergrunnen der ein må og fenge ho under grunnen so snøgt som råd. Ei bybane gjenom fjelli til folkerike bydelar er meir fornuftig enn trikk midt på yvertrafikerte vegar til Fana.
So fær me som lever sjå um korleis galskapen held fram. Men tenk um me hadde havt tyske ingeniørar og svenske politikarar. Kva vilde ikkje Noreg ha vore då? Svenske vegar er jo laga for ferdsla, medan norske vegar skrik ut um sabotasje og neglisjering.
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Kaigaten-er-en-sykkelfelle-935406.html
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:49 AM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
sundag, september 20, 2009
Dei homofile mobbar kvarandre
So kom det endeleg for ein dag. Det er ikkje heterofile gutar som mobbar dei homofile. Det er derimot homofile og bifile som mobbar kvarandre. Heterofile gutar er kort og godt ikkje spesielt interesserte i homofili. Den dagen me fær påvist at det er homolobbyen som diskuterar med seg sjølv um homofile krav, er det grunn til å jubla. Då kann kannhenda merksemdi kring homofili koma ned på det nivået ho høyrer heime.
Me ei slik undersøkjing kann ein iallfall slå fast at det er ikkje dei heterofile som ev. mobbar dei homofile til døde. Sjansane for at dei sjølve gjer det er fleire gonger høgare. Det vil altso segja at dei organiserte homofile bør jobba med å nå dei som er målgruppa deira frå fyrr, homofile som er i skåpet.
http://www.bt.no/nyheter/Homofile-gutar-mobbar-mest-933727.html
Lagt inn av
Marøy
kl.
4:17 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
fredag, september 18, 2009
Sponheim-biletet er komplett
Sponheim og Stoltenberg var i samtalar um samarbeid, fær me vita i BT i dag. Vinstre er eit sosialistisk parti, og dei som vil ha eit borgarleg fleirtal ved neste val kann ikkje røysta på Vinstre. Det kann aldri og vil aldri skje.
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3276064.ece
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:46 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
Kven har rett?
Underskrivne får kjeft frå ulike hald for si steile haldning i
spursmålet um politisk samarbeid.
Som dei fleste av mine lesarar veit, vil eg ikkje under noko høve
samarbeida med sosialistar politisk. Serskilt gjeld det Arbeidarpartiet.
Når andre segjer det same - berre byter ut AP med FrP; slik Hareide og
Sponheim gjer det, er det snøgt lettare å svelgja...
Kvifor er det slik?
FrP er berre verdslege, medan Ap er ateistiske. Eg vil helr velgja
kolera frå pest. Det kan ein nemleg kurera.
Lagt inn av
Storstrand
kl.
12:45 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
torsdag, september 17, 2009
"Koseskole"
AP vurderar å ta utdanningsministeren frå SV, melder media i dag. SV
blir skulda for å ha gjort skolen til ein "koseskole".
Når sant skal segjast, og det bør det, hev nok AP rett i det. På den
andre sida hev ikkje AP noko å skryta over dei held', sidan det er dei
som hev ført i pennen einskapsskulen, som meir enn noko anna hev
undergravd kunnskapen i Noreg gjenom tvo generasjonar.
Lagt inn av
Storstrand
kl.
9:07 AM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
