Etter som tidi gjeng, og eg ser korleis databruken breider um seg og skal tvingast fram, vert eg meir og meir skeptisk til data. Det er då ikkje noko problem å kvitvaska pengar utan tilgang til kontantar. Stolne kort kann jo tappast gjenom store korttransaksjonar. Um ein tek ut 1000-lappar eller too hundrelappar spelar då ingi rolla.
For tiår sidan skulde papirboki døy ut osb. I dag freistar politikarane å kvitta seg med lærebøker. Ikkje av di det er upraktisk, men av di bøker er dyre. Det er for dyrt å læra folk å bruka bøker. Det er billigare å gjera dei avhengige av data for å skriva namnet sitt.
utruleg nok er det papiret som yverlever lengst. All data må lagrast, sikringslagrast og umlagrast i det uendelege. Diskettane frå 1980-talet er ubrukande i dag. Diskettane frå 1990-talet er snart ute av bruk. Kva med CD-ane um ti år. Då skal vel alt inn på minnepennar som berre vert større og større. Den siste eg såg tok 32 gigabyte. Andre media tek jo endelaust mykje, men er dei brukande um 100 år, neppe ikkje utan umlagring.
http://www.bt.no/nyheter/okonomi/--Norge-boer-kutte-ut-kontanter-893749.html
onsdag, juli 22, 2009
Datapengar og data generelt er uppskrytt
Lagt inn av
Marøy
kl.
1:29 PM
1 kommentarar
Koplingar til dette innlegget
laurdag, juli 18, 2009
Nordmenn tener pengar på gigantmoske
Medan sume av oss styggjest ved skiping av religiøse bygg for vantrue, er det andre nordmenn som ser seg big business i det same:
http://e24.no/naeringsliv/article3174461.ece#AF
Lagt inn av
Marøy
kl.
3:29 PM
3
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
sundag, juli 12, 2009
Usakleg framferd fraa ap-forsvarar
Erik Fosnes Hansen som meiner at Frp er ukultiverte hev sanneleg ikkje mykje aa gjera som noko fyredoeme. Naar ein er usamde med nokon so er det altso kultivert aa kasta vatn paa dei eller bera dei paa skuldrane (Trond Giske). Er det ikkje paa tide at nokon lanserar andre tankar og at dei slepp aa verta moette med vald fraa vinstresida eller arge islamistar?
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/norsk-politikk/artikkel.php?artid=568289
Lagt inn av
Marøy
kl.
9:34 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
tysdag, juli 07, 2009
Uigorfolket og endå ein valdeleg demonstrasjon
Uigorfolket var det knappast nokon som hadde høyrt noko um inntil for fåe dagar sidan. Det var vel heller ingen som trudde at flyktningar frå dette folket, skulde prøva å gå laus på ein Kinarestaurant og norske politifolk. Kann ikkje utlendingar i Noreg læra seg til å demonstrera fredeleg, alltid og til alle tider. Dei fleste gjer det jo. Til dømes iranarane som visseleg kunde ha litt å hissa seg upp for.
Denne gongen hadde Blitz visst nok teke ferie, for desse stakkars muslimar, vil det visst ikkje stydja, eller so er det for lite publisitet i å demonstrera med deim. Ja, kor som er uigorfolket greidde flott å laga nok leven til at ein må spyrja seg um ikkje kinesarane hev eit og anna poeng.
No, vel Kina er jo eit absurd land. Landet som greider å stogga og å slå ned all politisk opposisjon greider ikkje å slå ned store hyllingar av Michael Jackson. Men so vart jo Jackson etter det mange kjeldor kann tyda på muslim, so då er det vel greidt. Hadde han derimot stått for noko meir vestleg, vilde han nok vore fårlegare.
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:52 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
Obama og Putin manglar kjemi
Når Bush sa den minste ting feil, var folk i harnisk og pirka i veg, når Obama gjer det same, so er det langt mindre fokus på det.
http://www.reuters.com/article/politicsNews/idUSTRE5655E720090706
Ein ting skal iallfall vera klårt nok. Det skal mykje til for å greida å visa ei so nedlatande haldning til ein person gjenom kroppsspråket som det statsministar Putin gjorde andsynes Obama. Det var tydeleg at Putin tykte Obama var ein ordgytar. Det personlege tilhøvet til Bush var då langt betre trass i krisor og leven.
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:42 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
Sponheim inn i hylekoret mot Storhaug
Me skal aldri få vita kva islamske kvinnor som vert tvinga til å bera hijab tenkjer. Det er konklusjonen min etter at eg les ulike utspel frå vinstresida. No er det likt til at Vinstre som det sosialistiske partiet det er frontar dette standpunktet solid med Lars Sponheim (som forresten hev vorte kåra til Noregs mest morosame politikar saman med Torbjørn Jagland).
Bakgrunnen er Hege Storhaug og HRS sitt arbeid med å få fram yvergrep millom anna mot islamske kvinnor. Kampanjen til Klassekampen som byggjer på skuldingar og synsing som det er uråd å få innsyn i for utanforståande, so langt eg kann sjå, hev altso nått Dagbladet.
Når ein tenkjer på alle dei organisasjonane på vinstresida som hev snike seg til statsstøtte med til dels grove metodar, so må ein spyrja seg um kvifor ingen snur fokuset mot steinkastarane, men me veit jo svaret det finst ikkje nokor kritisk pressa som forsvarar høgresida i Noreg.
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:36 PM
1 kommentarar
Koplingar til dette innlegget
måndag, juli 06, 2009
Utspekulert merkevarebyggjing
Eg hev lenge lura på kven denne Konrad attum Konrads tankesmie eigenleg er. Det var fyrst då eg uforvarande kom yver denne nettstaden: http://www.maximum.no/product/dinpris/2544
at ljoset gjekk upp for meg.
Konrad er ikkje korkje mann eller kvinna, men ein boksershorts, ei stuttbrok, for å segja det på litt meir høgnorskklingande mål. Heile prosjektet attum bloggen er altso å byggja upp merkevarenamnet Konrad for å narra politisk korrekte nordmenn til å kjøpa ein boksershorts.
Konrad, du er avslørd. Det er alarm, på vegner av alle nordmenn som er byrge av underlivet sitt.
Lagt inn av
Marøy
kl.
10:55 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
"Sjuk av innvandrarar"
Den norske makteliten er kronisk uppteken av innvandring under faneord som mangfald og integrering. Men integreringi gjeng den vegen høna sparkar. So lenge problemet gjeld ressursveike gruppor er det jo greidt å hakka på dei som ikkje hakkar tilbake. No er det altso vestkantungdom som vert sjuke av å gå på skule med innvandrarelevar. Hadde dette vore foreldre frå austkanten hadde dei vorte kalla rasistar og hitleristar, men eufemismane tyt ut yver avisartikkelen, og so er det jo VG, og ikkje Dagbladet som hev fenge denne skai, takk og lov.
Men ressurssterke gruppor er ikkje nøgde og gjer det dei kann for å få det slik som dei vil. Då vert det tydeleg at ting ikkje fungerar, og dei vert møtte med forståing og umsut.
Det vesentlege er at etnisk norske elevar ynskjer å vera saman med likesinna. Og kva er gale med det? Er ein rasist av di ein heller vil gå i klasse med elevar som er hev same kulturelle verdiar som ein sjølv hev enn med elevar som ein er usamd med i viktige religiøse og kulturelle spursmål?
Ein må spyrja seg korleis det gjeng med integreringi av elevar der kunnskapane i norsk kultur og språk er låge i utgangspunktet, og der dei norske elevane er i klår minoritet. Det er ikkje noko som er ynskjeleg i utgangspunktet, og dersom nordmenn ikkje er klåre til å møta ei slik utfordring, er det berre ei løysing på saki, stogg innvandringi og intensiver upplæringi og eksponeringi for norsk språk og kultur.
Dei som ikkje toler for mykje vestleg kultur fær gjera som Arfan Bhatti vil, reisa attende til heimlandet. Å leika meir tolerante enn me er, er berre låtteleg og fører ikkje til noko gagnleg.
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/elevavisen/artikkel.php?artid=560772
Lagt inn av
Marøy
kl.
2:37 PM
3
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
sundag, juli 05, 2009
Uppsala slott og botanisk hage
Lagt inn av
Marøy
kl.
5:13 PM
2
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
laurdag, juli 04, 2009
Er Giske meir elitist enn Jensen?
Skulde eg plassera Erik Fosnes Hansen i nokon divisjon liknande det ein hev i fotballen, trur eg det måtte ha vorte 2 eller 3 divisjon, um ikkje lågare. Han er heller ikkje nokon kjendis, eg hadde ikkje sett han på fjernsyn fyre i dag.
Men fyren er tilsynelatande livredd for Frp, og her kjem heile pakka til vinstresida um skvetting, udemokratisk osb. Jamvel McCarthy skal på bana. Mannen som ikkje sa anna enn som sant var at den eine og den andre var kommunistar. Sosialistar likar jo aldri at nokon peikar på dei.
Fosnes Hansen fryktar for at landet skal mista ein milliard i kulturmidlar. Då må eg sant og segja tilstå at me fær lite att for pengane. Ja, det er ikkje lenge sidan eg freista å kopla ei datamaskin upp mot eit trådlaust nettverk som eg trudde fanst på UB i Oslo, men det gjekk ikkje. Derimot var det ingen problem på det lokale biblioteket i Kongsvinger. Kann me leva utan nettkontakt på UB i Oslo?
Det var litt av eit hylekor frå kunstnarane i Danmark då dei fekk ei konservativ regjering for nokre år sidan, men det kjem då enno ut bøker der nede. Roskilde festivalen er visst ikkje avlyst den heller, so det lever då folk der òg. Eg trur eg kunde ha yverlevt utan at det lokale biblioteket ikkje hadde bøkene til Fosnes Hansen, men sant og segja so trur eg ikkje det kjem til å skje.
Og når i alle dagar var det forresten at Trond Giske byrja å stå for elitekultur? Mannen glimrar då ved sitt fråvær med ein gong det kjem upp seriøse tema. Rockekonsertar skal han derimot ha med seg. Det hadde vore prima um eit par konsertar og festivalar på Giske-lista hadde måtta gjeva upp.
Sant og segja trur eg Jensen hev mindre interessa for alt det fjaset som Giske driv på med, enn det som kjem ålmenta til gode. Men eg er langt for viss på at eg vil verta nøgd med henne heller. Noreg er ikkje noko kulturland, men skilnaden på Giske og Jensen er mindre enn dei fleste trur.
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article3154095.ece
Lagt inn av
Marøy
kl.
11:38 PM
0
kommentarar
Koplingar til dette innlegget
