laurdag, juli 04, 2009

Er Giske meir elitist enn Jensen?

Skulde eg plassera Erik Fosnes Hansen i nokon divisjon liknande det ein hev i fotballen, trur eg det måtte ha vorte 2 eller 3 divisjon, um ikkje lågare. Han er heller ikkje nokon kjendis, eg hadde ikkje sett han på fjernsyn fyre i dag.

Men fyren er tilsynelatande livredd for Frp, og her kjem heile pakka til vinstresida um skvetting, udemokratisk osb. Jamvel McCarthy skal på bana. Mannen som ikkje sa anna enn som sant var at den eine og den andre var kommunistar. Sosialistar likar jo aldri at nokon peikar på dei.

Fosnes Hansen fryktar for at landet skal mista ein milliard i kulturmidlar. Då må eg sant og segja tilstå at me fær lite att for pengane. Ja, det er ikkje lenge sidan eg freista å kopla ei datamaskin upp mot eit trådlaust nettverk som eg trudde fanst på UB i Oslo, men det gjekk ikkje. Derimot var det ingen problem på det lokale biblioteket i Kongsvinger. Kann me leva utan nettkontakt på UB i Oslo?

Det var litt av eit hylekor frå kunstnarane i Danmark då dei fekk ei konservativ regjering for nokre år sidan, men det kjem då enno ut bøker der nede. Roskilde festivalen er visst ikkje avlyst den heller, so det lever då folk der òg. Eg trur eg kunde ha yverlevt utan at det lokale biblioteket ikkje hadde bøkene til Fosnes Hansen, men sant og segja so trur eg ikkje det kjem til å skje.

Og når i alle dagar var det forresten at Trond Giske byrja å stå for elitekultur? Mannen glimrar då ved sitt fråvær med ein gong det kjem upp seriøse tema. Rockekonsertar skal han derimot ha med seg. Det hadde vore prima um eit par konsertar og festivalar på Giske-lista hadde måtta gjeva upp.

Sant og segja trur eg Jensen hev mindre interessa for alt det fjaset som Giske driv på med, enn det som kjem ålmenta til gode. Men eg er langt for viss på at eg vil verta nøgd med henne heller. Noreg er ikkje noko kulturland, men skilnaden på Giske og Jensen er mindre enn dei fleste trur.

http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article3154095.ece

0 kommentarar: