I studentmållaget i Bergen bruka dei å markera storofsen, den store flaumen på Austlandet i 1789, med eigne festar. Bakgrunnen var vel at ein skulde vera glad for alle bokmålsbrukarane som døydde. Dersom dei framleis held slik festar i Bergen, vil eg visa til biletet der det gjeng fram kor langt upp vasstanden var komen i 1789. Flaumen i 1995 var berre barnemat, den når meg til kneskålene, men flaumen i 1789, tok med seg det meste. Det var bra at svenskane rota seg burt i krig med russarane og ikkje med oss på denne tidi. For orden skuld steinen stend ved Fetsund lensemuseum, eit unikt museum for alle som er interesserte i næringshistorie.
måndag, juni 15, 2009
Marøy og storofsen
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:16 AM
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar