laurdag, juni 27, 2009

Kva meiner vinstresida um Bhatti?

Arjan Bhatti vil flytta til Pakistan. Bhatti som vart funnen skuldig i medverknad til skadeverk mot den jødiske synagogen og hev vore i eit kriminelt miljø frå han var 13 år gamal. Uttalar at det ikkje er mogleg å leva i vesten lenger. Ungane hans vert for vestleg påverka.

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=559875

For oss som meiner at det er ekstremt å sjå at den eine gjenta etter den andre i tiårsalderen vert kledde upp i hijab, må ein undra seg yver kor langt den norske vinstresida vil gå. Det er liten tvil um at Blitz og antirasistane i hovudsak er eit lite miljø prega av etnisk norske aktivistar utan islamistiske tendensar (jf.kledsstil) som forsvarar eit mykje større miljø av folk som kann ha til dels svært ekstreme meiningar.

Ein må undra seg kva vinstresida meiner um det rasistisk motiverte skadeverket mot den jødiske synagogen i Oslo? Fekk jødane som fortent? Det var jo visse teikn til distansering frå raseringi av Oslo i januar, men i det store og heile er det slik at islamske miljø kann tillata seg sers mykje i demonstrasjonar, serleg i tider der Israel er i krig, medan norske miljø som vil markera seg mot islamisering osb. med lovlege demonstrasjonar vert møtte med skuldingar um rasisme.

Burde ikkje Bhatti ha vorte møtt av aktivistar frå SOS-rasisme kvar gong han skal snakka med media eller markera seg på andre måtar?

3 kommentarar:

Anonym sa...

No er det vel ikkje Israel som er i krig, men snarare den isrealske staten som driv statleg terrorisme mot det palestinske folket.

Om ein les litt mindre i bibelen og trur meir på uavhengige kjelder vert biletet klårt. Det som går føre på Palestinsk jord er skammeleg.

Maalmannen sa...

Akkurat det at han vil reisa attende til Pakistan tykte no eg var positivt yverraskande. Um du vil liva som truande muslim, so reis til eit muslimsk land - det hadde vore flott um fleire hadde greidd å draga den same konklusjonen.

Kva med å starta eit repatrieringsprogram for kriminelle innvandrarar der kvar og ein fær ein liten "startkapital" for å reisa ut or Noreg etter avslutta soning?

Marøy sa...

Vel, bibelen er motiverar i liten grad folk til å utøva vald. Hadde israelarane tolka bibelen som eit forsvar for å byggja upp eit Stor-Israel hadde det iallfall ikkje vorte fred, men jødar drøymer ikkje um store imperium, men derimot um å få vera i fred.

Det gjer derimot sterke islamske grupperingar. Eit hovudkjenneteikn på dei er at dei ikkje les stort anna enn koranen. Den hev dei til gagns pugga på eigne koranskular.

Dei uavhengige nyhendemeldarane dine finst ikkje. Hadde dei havt rett, vilde alle palestinarane anten ha vore døde i krig eller ha svolte ihjel.

Skal ein vera viss på noko som helst i Israel eller kring dei palestinske umrådi, må ein minst ha fenge same versjon eller liknande versjon frå tri til fire media på båe sidor.