fredag, juni 26, 2009

Kor er Michael Jackson no?

Svaret på det må vera enkelt - og beinveges. Han er i helvete. Som relativt nykonvertert muslim med det nye namnet 'Mikaeel' - og det faktum at ein av brørne hans uttala på amerikansk TV: 'Må allah vera med deg - alltid' kan det ikkje råda mykì tvil um det.
Himmelen er opne for alle som tek imot Gud med opne armar ... men 'allah' og Gud er ikkje eitt og same vesen.

4 kommentarar:

Marøy sa...

Du må gjerne tilliks med meg vera fullstendig respektlaus mot islam som ideologi og læra. Det du derimot bør leggja deg på hjarta er bibelens læra som opnar for eit ævleg liv. Og den segjer klårt nok: "Døm ikkje, for de skal sjølve verta dømde..." Og vidare "...Dei levande veit at dei skal død, men dei døde veit ingenting." Kor hyggjeleg det vert for Mikael Jackson å vakna upp att på domens dag, vil ikkje eg gjera meg til talsmann for. Men eg ser ikkje på han som nokon ideal til etterfylgjing, snarare vil eg gå ein heilt annan veg. Og held Jackson fast ved den læra han forfekta i dette livet, so er eg redd for at han vil verta utsletta av den allmektige skaparen, same kor stor han var her på jordi. Som det heiter: "Samla ikkje skattar på jordi". Elles gjekk det vel dårleg jamvel med skattane hans her på jordi. Endå ein grunn til å ikkje hovera. Lat oss sjå ein annan veg, segjer eg.

Lars-Toralf sa...

Dei bibelordi du syner til her, Lars Bjarne, handlar um heilt andre ting. Du nyttar ein hellenistisk tolkingslykjel - ikkì ein hebraistisk skyningsbakgrund. Då vert det mistolkingar.

Anonym sa...

Michael Jackson var ein trist skjebne, ingen må vere i tvil om det. Lagnaden hans var ei følgje av den strenge religiøse oppveksten. Med ein kristeleg far som tru mot bibelen sine ord slo og misbrukte både kone og born er det ikkje anna å vente.

Marøy sa...

Ja, eg trur nok eg hev kome litt lengre enn ein jødisk øvstreprest for 200o år sidan. Eg yverlet til Gud. å døma andre menneske.

Elles er eg meir enn uviss på um ein jødisk øvsteprest opererte med eit helvete for alle som var ikkje truande.

Du høyrest mest ut som ein Dante som plasserar alle du ikkje likar i helvete, Lars Toralf. Tru meg eg ynskjer ikkje min verste fiende å verta utsletta for all tid. Eller for alt eg veit, slik du kannhenda trur det, verta pint i all æva.

Eg vil heller uppmoda til rettlivnad og yverlata resten til Gud. So kann du laga so mykje teologi og forviklingar av heile saki som du berre lystar.