fredag, juni 12, 2009

Kann me takka Carl I. Hagen for vantande islamkritisk alternativ i Noreg?

Medan innvandrings- og islamkritikarar yver heile Europa gler seg yver dei gode EU-valresultati aat parti som nederlandske PVV, Dansk Folkeparti, Lega Nord og Vlaams Belang, so poserar Carl I. Hagen byrgt yver heile framsida i Dagbladet - der han fortel at det er hans fortenesta at det ikkje finst noko tilsvarande alternativ i Noreg for folk som hev fenge nok av islamiseringi og masseinnvandringi.

Den ein gong so upprörske rebellen er no vorten respektabel samfundsstötte og vaapendragar for Marte Michelet, er det likt til.

Men det er berre ein ting aa utsetja paa dette: Heile historia som han fortel til Dagbladet er fullstendig usann. Les meir hjaa Jan Simonsen paa Frie Ytringar.

1 kommentarar:

Ingvar sa...

Dennne tåpelege avisoverskrifta føyer seg pent inn i dei usmakelege løgnene frå Hagen. Dessutan viser det korleis laussalspressa, i dette tilfellet med alibi på venstresida, stiller opp som mikrofonstativ for Hagen.

Han ekskluderte altså gode partimedlemmer i ein prosess som berre kan samanliknast med Hitler og Stalin, og greier å få applaus frå Dagbladet for det attpå. Akkurat den prosessen som meir enn noko har avslørt FrP sin totalitære natur, vert Hagen sitt alibi for at han er ein god demokrat.

Parallellen er dessverre slåande til nazismen: Etter at Hitler hadde avslørt seg sjølv som den kynikaren han var ved å myrda Röhm og andre under "dei lange knivars natt", fekk han som kjent både ros og skryt for å ha teke oppgjer med dei farlege elementa i NSDAP, nøyaktig som Hagen får i dag.

Skilnaden er at med Röhm vart drepen er Kleppe framleis i live, han er berre politisk utradert. Det er med andre ord ein skilnad på nazismen og FrP, i grad, men ikkje i innhald.