Det er dei som meiner sterkt at Hege Storhaug og for den saks skuld Frelsesarmeen ikkje bør få statlege midlar. Vinstresida køyrer for tidi eit råkøyr mot Storhaug.
Storhaug som kjempar for at norske tradisjonar og verdiar skal vidareførast og mot islamiseringi av Noreg, er tydelegvis fårleg. Det som derimot er ufårleg er at pøblane i Blitz saman med SOS-rasisme gong på gong kann gå til åtak mot norske verdiar, stydja valdelege muslimar og gjera det dei kann for å øydeleggja lovlege demonstrasjonar som vert haldne av lovlege politiske parti.
Sosalistar er som vanleg meir upptekne av kaos og antidemokratiske haldningar. Det er paradoksalt nok slik at Torbjørn Jagland skal forsvara menneskerettar og demokratiske verdiar dersom han vert vald til generalsekretær i Europarådet. Det må vel vera synonymt med å stydja islam og sosialisme.
Demokarti og nasjonalisme hang saman i 1814. Då vilde dei fremste mennene i Noreg setja Noreg og norske borgarar fremst. I dag er det mange som vil gjera det beint motsett.
sundag, juni 21, 2009
Inkje demokrati med sosialistar
Lagt inn av
Marøy
kl.
12:14 AM
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentarar:
Som at dei i 1814 innførde den mest konsekvent antsemittiske grunnlovsparagrafen som på den tida sannsynlegvis fanst i Europa. I dag er det berre arabarlanda som har like ytterleggåande rettsreglar mot jødar, og kanskje ikkje alle dei ein gong.
Men spørsmålet om 1814 reiser seg også på denne måten: Kven var dei norske borgarane som var så viktige? Landet hadde i løpet av 1500-, 1600- og 1700-talet motteke ein danskspråkleg samfunnselite som også var norske borgarar og som er årsaka til at landet den dag i dag er språkdelt. Den kulturelle konflikten mellom desse innvandra nordmennene og landet sine opphavelege innbygjarar lever den dag i dag og er årsak til mykje strid og misforståingar i samfunnslivet.
Tilsvarande inkluderer norske borgarar i dag mange som er innvandra frå framande himmelstrøk. Det er eit paradoks dersom ein både vil kjempa for etnisk norske nordmen og samtidig norske statsborgarar.
- Ingvar Åberge
Legg inn en kommentar