
Millom dei mange som markerte seg i Oslo 13. juni var ei gruppa av funksjonsmeinka som meiner at dei vert tilsidesette. Og det er sjeldan at det er vanskeleg å segja seg samde med deim.
Kvifor dei kledde seg av alle ting i lilla, er eg litt meir uviss på. Og eg undrast på kva slagordi: Stolt, sterk, synlig burde ha vorte til på nynorsk. Med ei viss innblanding frå gamaldansk kunde det vel kannhenda ha heitt: Byrg, bold og bjart. Men her eg open for betre løysingar som til dømes: Ingen funksjonsfriske i våre gator og på våre parkeringsplassar.Kor som er det er på tide at rullestolbrukarar kann koma seg fram yveralt. Me lever trass i alt i 2009.
Det må elles takast med i reknestykkjet at det er eit sterkt og tvilsam element innanfor handicaparbeidet at dei handicapa eintydig styd palestinarabarane, men ikkje israelarane. So her kjem jo parolen sterkt, stolt og synlig i eit mistenkjeleg ljos. Er det skilnad på europeiske og arabiske funksjonsmeinka og på israelske/jødiske? Um ein meiner det fell ein vel for dei same kreftene som ein kjempar mot?


0 kommentarar:
Legg inn en kommentar