torsdag, januar 08, 2009

Norsk Målungdom i anti-Hamas-demonstrasjon

Norsk Målungdom uppmodar so mange målungdomar som moglegt til å vera med på fakkeltog for våpenkvile og stans i kamphandlingane i Midtausten. Samstundes melder NRK at Hamas hev sagt nei til det egyptisk-franske framlegget til våpenkvile, eit framlegg som både Israel og dei palestinske sjølvstyresmaktene frå fyrr av hev sagt ja til.

Offisielt meiner arrangørane attum fakkeltoget ingenting anna um konflikten enn at dei vil ha våpenkvile, humanitær tilgang til konfliktvaldet og ei ikkje-militær løysing på konflikten. Likevel so hev eit sovore standpunkt visse implikasjonar! For me må ikkje gløyma at det same meiner Israel, som stend reiduge til å fylgja den fransk-egyptiske planen og lata våpni kvila for godt - so snart Hamas hev valt å gjera det same! I millomtidi hev israelske styresmakter jamvel annonsert tri timar med dagleg stans i dei militære aksjonane slik at humanitær hjelp kann få sleppa inn.

Det krevst tvo partar til å halda fred, men berre èin part til å terrorisera. Og det var Hamas som ikkje vilde nya upp att den tidlegare våpenkvileavtala, og som helder ikkje respekterte henne medan ho stod ved lag, men som heldt fram med å pælma rakettar inn i Israel under heile "våpenkvileperioden". Likevel gjekk ikkje Israel til aksjon fyre Hamas offisielt sagde upp den avtala som dei i realiteten hadde misleghalde heile tidi.

Um det skal vera ein viss logisk konsistens i det som dei fakkelberande målungdomane stend for, kann ein demonstrasjon for våpenkvile på dette stadiet i krigføringi neppe tolkast som noko anna enn ein kraftfull protest mot Hamas - terrororganisasjonen som segjer nei til ei fredeleg løysing på konflikten og som held både det israelske og palestinske sivile samfundet som gislar.

Me på Målmannen-forumet ynskjer Norsk Målungdom velkomen etter med sitt anti-Hamas-standpunkt. Det er ingi skam å snu...

1 kommentarar:

Anonym sa...

Det er godt å sjå at det er nokon som er meir opptekne av dei faktiske forhola enn det som synast å vera politisk korrekt.

josan.