19.-21. september 2008 skulde det vera anti-islamiseringskongress i Köln. Tilskipar var den lokale gruppa Pro Köln – som hev kjempa aktivt mot den nye og gigantiske stormoskeen som skal byggjast i Köln – og med seg på konferansen fekk dei aktivistar frå innvandrings- og islamkritiske parti frå heile Europa, med belgiske Vlaams Belang og italienske Lega Nord som dei største og viktugaste. På kongressen skulde trugsmålet frå fundamentalistisk islam takast upp til seriøse dryftingar, og med i programmet skulde det vera ein guida busstur til problembydelar i Köln – der utsendingane kunde få sjå multikultur i praksis.
Sidan det ikkje er moglegt å halda eit innvandringskritisk arrangement utan at motdemonstrantar og vinstreradikal berm møter fram for å laga kvalm, var sjølve kongressen, som samla eit hundradtals delegatar, halden på ein hemmeleg stad. Men på fredagskvelden skulde det vera ein open pressekonferanse der media var invitert, og laurdagen skulde det vera eit stort folkemøte i sentrum av byen med appellar frå dei mest prominente innvandringskritiske politikarane som var til stades på kongressen. På dette opne møtet vona Pro Köln at dei kunde samla meir enn tusund menneske. Både anti-islamiseringskongressen og folkemøtet var varsla til styresmaktene mange månader i fyrevegen, og jamvel um dei politisk korrekte styresmaktene i Köln gjorde alt som stod i deira juridiske makt for å få hindra kongressen, vart det til slutt gjeve løyve til å halda folkemøte på Heumarkt i gamlebyen i Köln. Politiet rekna med at det kom til å dukka upp 1500 islamiseringskritiske demonstrantar – og upp til 40.000 motdemonstrantar – og 3000 politifolk vart difor kalla inn for å halda kontroll med folkemengdi.
Kongressen vart typisk nok fordømt yver heile det politisk korrekte spekteret i Tyskland. Endåtil innanriksdepartementet, som burde ha nok å tenkja på med korleis dei skal halda ro og orden når gatone er fulle av valdeleg vinstreorientert berm, gjekk ut og fordømde kongressen. Ja, so langt burte som i Iran gjekk den fundamentalistiske islamske presidenten Mahmoud Ahmadinejad offentlegt ut med krav um at tyske styresmakter måtte forby kongressen (nett difor skulde det vel vera eit poeng i seg sjølv å trassa dei fundamentalistiske islamske kreftene).
At det kom til å verta eit valdelegt utfall – i den grad demonstrantar og motdemonstrantar kom i kontakt med einannan – vart klårt nok allereide fredagskvelden, då det var tid for den fyrste pressekonferansen. Stutt tid fyre konferansen skulde haldast, fekk journalistane vita at møtet skulde haldast umbord i ein restaurantbåt på Rhinen. Men politikarane og journalistane var ikkje ein gong komne um bord i båten fyre steinane byrja å hagla frå vinstreradikale motdemonstrantar, og kapteinen vart nøydd til å leggja ut på med båten fyre alle var komne um bord. Berre eit fåtals journalistar fekk difor vera med på pressekonferansen, men desse fekk i minsto teke rikeslegt med fotografi der me ser at båten er fullstendig ramponert med steinar som kom haglande inn gjenom glasrutone.
Helder ikkje alle dei innvandringskritiske politikarane rakk å koma seg umbord i båten. Millom desse var den tysk-jødiske Pro Køln-politikaren Michael F. Kucherov som vart ståande att på land – og deretter rundjult so hardt at han måtte på sjukehus - av den vinstreradikale mobben som ironisk nok hevda å kjempa mot «nazistar».
Vel ute på Rhinen byrja pressekonferansen – med restaurantbåten tett fylgd av politibåtar som skulde hindra motdemonstrantar i å freista borda båten. Kor som er so greidde kapteinen å manøvrera båten inn under ei bru som var full av vinstreradikale motdemonstrantar, og endå ein gong hagla steinane yver båten. Denne gongen greip Politiet inn mot kapteinen og tvinga honom til å føra båten til lands – av di dei hævda båten ikkje lenger var «sjødyktig».
Det var soleides ein tollegt amputert pressekonferanse som vart halden ute på Rhinen. Og båten var ikkje fyrr komen til lands fyre Politiet byrja stella til endå fleire problem for anti-islamistane. For næste punkt på programmet skulde vera den guida turen til problembydelar i Köln, men dette hadde Politiet no funne på at dei ikkje skulde få lov til, for etter deira syn var det å køyra ei busslast med innvandringskritiske aktivistar ikring i dei innvandrardominerte bydelane i seg sjølv ein provokativ demonstrasjon mot dei som budde der – og dette var det ikkje gjeve løyve til.
Bussturen til dei multikulturelle problembydelane vart det soleides ikkje noko av. Men hadde dei kome til Ehrenfeld, der gigantmoskeen er planlagd uppførd, hadde dei vorte møtte av ein muslimsk og tradisjonelt islamsk kledd menneskekjede som saman med Köln sin eigen borgarmeister hadde slege ring kring den lokale moskeen. Til tysk radio sa borgarmeisteren i Köln at folket i Köln er eit tolerant folk som tek fråstand frå Pro Køln (ja, det er vel difor Pro Köln er godt representerte i bystyret i Köln), og difor ynskjer dei ikkje nokon anti-islamiseringskongress i sin eigen by (det var då litt av ein toleranse). Styresmaktene i Kôln hadde dessutan sett i gang ein storstelt kampanje under slagordet «Köln stellt sich quer». Millom dei patetiske slagordi som denne kampanjen valde å taka i bruk kunde millom anna høyra at «Kirche, Synagoge und Moschee – alles ist Okee».
Normalt er det borgarane i ein by som hev det privilegiet at dei kann demonstrera mot politikarane sine, men i Köln var det altso politikarane sjølve som på høgste nivå sette i gang ein kampanje mot eigne borgarar - borgarar som ikkje hadde nokon annan agenda enn å få arrangert eit lovlegt møte som tek upp spursmål som folk er upptekne av.
Neste morgon var det tid for det store folkemøtet mot islamisering – under slagordet «Nein zur grossmoschee – Nein zum islamisierung Europas». Kvelden fyreåt hadde motdemonstrantar planlagt å okkupera heile Heumarkt slik at ingen skulde få sleppa inn den næste dagen – men Politiet kom dei i forkaupet. Dei gjerda inn Heile Heumarkt og stengde Deutzebrücke som gjeng yver Rhinen og rett ned på Heumarkt. So langt såg det altso ut til at det skulde lukkast å arrangera den fyrste store demonstrasjonen mot islamisering i Europa.
Og so langt det som eg sjølv hev lese og høyrt frå andre folk. For resten av dette stykkjet kjem til å taka fyre seg det eg sjølv upplivde den 20. september 2008. Sidan eg sjølv er kritisk til den innvandrings- og integreringspolitikken som vert førd i dag, hadde eg naturlegt nok ikkje tenkt å lata sjansen gå frå meg til å få vera til stades på det fyrste store europeiske folkemøtet der denne problematikken stod på dagsorden. Eg hadde difor tinga billett frå Strasbourg til Köln med eit tog som gjekk tidlegt um morgonen og som skulde vera framme på Köln Hauptbahnhof klokka 1000 um morgonen, tvo timar fyre folkemøtet på Heumarkt offisielt skulde taka til.
Det fyrste forvarselen um at antidemokratiske krefter kom til å gjera alt det som stod i deira makt for å sabotera møtet fekk eg allereide på toget. Stutt tid etter at me hadde passert Frankfurt, byrja toget å slakka ned farten. På høgtalaranlegget fekk me høyra at det hadde vore «vandalismus» mot jarnbanen, og jarnbanestrekket millom Frankfurt og Köln var difor stengt.
Eg fekk seinare vita at jarnbanestrekket millom Frankfurt og Köln ikkje var det einaste som var stengt – det galdt faktisk dei fleste jarnvegane som førde inn til Køln. Ukjende gjerningsmenner hadde brent ned eit signalanlegg og på denne måten sett store luter av jarnvegen ut or spel. Til lukka fanst det ei alternativ umkøyringsruta, men her vart det naturlegt nok trafikkork når alle dei ulike togi skulde inn på det same sporet. Og i tyske media var ikkje kommentatorane seine med å leggja saman tvo pluss tvo og kopla sabotasjeaksjonen til anti-islamiseringskongressen.
Då toget mitt til slutt var frammøte på jarnbanestasjonen i Köln, hadde klokka allereide passert halv tolv, og det var mindre enn ein halvtime att til møtet offisielt skulde starta. Eg var snaudt komen ut på perrongen fyre eg såg at jarnbanestasjonen var fullsett med vinstreorienterte og autonome aktivistar. Eg satsa likevel på at skulde klara å koma meg fram til møtet, og gav meg i veg til Heumarkt. Det eg då fekk sjå var at yveralt på vegen inn til Heumarkt var det kjåka fullt med vinstreaktivistar og autonome – det måtte vera mange tusund av dei. Sidan eg er sopass langhåra at eg lett kann verta teken for å vera ein vinstreaktivist, freista eg brøyta meg veg millom dei, og kom meg til slutt fram til ei politisperring, men her var det stopp. For Politiet spurde ikkje um du var demonstrant eller motdemonstrant – same kven du var so slapp du ikkje forbi. Eg freista gå ikring heile Heumarkt for å sjå um det fanst nokon stad der det var passasje for venlegsinna demonstrantar, men stoda var den same yveralt. Fyrst måtte ein trengja seg forbi den ytre sirkelen med tusundtals vinstreberm, dinæst vart du stogga ein gong for alle av Politiet.
Medan eg freista finna ein veg inn til Heumarkt, vart eg vitne til ei rad episodar der vinstrebermen trakasserte vanlege folk som vilde inn på demonstrasjonen. I ein av episodane byrja det med at eg brått høyrde at heile gjengen med motdemonstrantar byrja gaula «Nazis raus! Nazis raus!» Eg snudde meg og såg ei gamal dama i 60-70-årsalderen koma berande med nokre handplakatar. Attum henne kom det stormande eit titals svarkledde og maskerte Antifa-aktivistar. Heile gjengen gjekk laus på den gamle dama og freista riva frå henne plakatane. Dei hine demonstrantane tykte visst at vald mot kvinnor var ei heilt kurant sak, for dei greip ikkje inn, men heilt fram med å gaula «Nazis raus!» Sjølv vart eg sopass provosert av valdsferdi at eg med fåre for å sjølv verta banka upp av AFA freista gå imillom samstundes som eg ropa «Kein gewalt» til valdsmennene. Det var likevel til ingen nytte. Plakatane vart tekne frå henne og den gamle dama vart slept ut or menneskemengdi av AFA-aktivistane og dinæst beden um å koma seg derifrå um ho ikkje vilde ha meir bråk. Ei dama som freista fotografera upptrinnet vart fråteki fotoapparatet sitt. Og sjølv fekk eg etterpå høyra frå ein av AFA-pøblane at det var naudsynt med vald mot «nazistar». Både millom AFA-aktivistane og i motdemonstrasjonstoget elles vart anti-islamistane konsekvent umtala som «nazistane».
Episoden med den gamle dama var korkje den fyrste eller den siste som eg vart vitne til. Og mynsteret var det same yveralt. I den ytre ringen av vinstreaktivistisk og autonom berm vart alle som var mistenkte for å vera innvandringskritikarar jaga burt under utskjelling og trugsmål um juling. Dei fleste gav difor upp å koma seg fram til Heumarkt – det einaste undantaket var nokre skinheads som ikkje var redde for å taka ein slåstkamp. Då desse freista trengja seg fram med makt, vart likevel yvermakti for stor, og det endå med at Politiet måtte koma og berga snauskallane burt frå bermen – men inn på Heumarkt kom dei ikkje.
På den tidi då møtet skulde taka til, var stoda med andre ord den at det var komplett umoglegt for nokon som helst å koma seg inn på Heumarkt. Dei som eventuelt skulde klara å koma seg gjenom den ytre ringen av vinstreaktivistar, vart kor som er stogga av Politiet som ikkje sleppte nokon som helst inn under noko umstende. Med kvart byrja eg difor å undra meg på um det var nokon ute på Heumarkt i det heile, og vinstreaktivistane hadde visst tenkt på det same. Millom desse byrja det no å frettest at Heumarkt stod tomt og at anti-islamistane var reiste ein annan stad for å halda møtet sitt. Alle var likevel samde um å verta verande der dei var – og gjera det som stod i deira makt for å hindra innvandrings- og islamkritikarar å få sleppa inn.
Brått vart det likevel kjent at det faktisk no stod 80 anti-islamistar inne på Heumarkt, og at desse var tenkt å halda møtet. Vinstreaktivistane kunde ikkje forstå korleis desse 80 hadde greidd å taka seg inn, og den mest populære teorien deira var at Politiet hadde hjelpt til med å smugla dei yver Deutzebrücke og rett ned på Heumarkt. Men meir sannsynlegt var det nok at det var folk som hadde vore der heile tidi, og som hadde teke seg inn på Heumarkt um natti eller grytidlegt um morgonen – fyre alle inngangar til Heumarkt var vortne fullstendig blokkerte av bermen.
Klokka tolv skal dei åtti frammøtte ha starta med det annonserte programmet inne på Heumarkt, men det gjekk ikkje meir enn ti minutt fyre dei fekk høyra av Politiet at demonstrasjonen deira var vorten forboden. Den same meldingi vart gjeven yver megafon til motdemonstrantane på utsida – som naturlegt nok svara med stor jubel. Det byrja no å gå upp for meg kvifor Politiet ikkje vilde sleppa korkje demonstrantar eller motdemonstrantar inn på plassen, dei hadde trulegt planlagt å forby demonstrasjonen heile tidi, og då eg spurde ein av politimennene um kvifor demonstrasjonen var vorten forboden, so kunde han ikkje svara på det. Avgjerdi kom frå høgare hald, men han kunde vel tenkja seg noko slikt som at ein domstol hadde kom fram til at demonstrasjonen var «forfatningsfiendsleg», svara han.
Fleire bitar byrja med kvart å falla på plass. Millom «antirasistane» frettest det at 200 «nazistar» som var på veg til møtet var vortne arresterte på flyplassen i Köln. Seinare kom det fram at det var so mange som ein stad millom 300 og 400 personar på flyplassen. Dei fleste av desse var med i det innvandringskritiske og nasjonalistiske belgiske partiet Vlaams Belang – som ikkje er noko meir «nazistisk» enn Dansk Folkeparti og Sverigedemokratane er det. Dei tilreisande aktivistane var ikkje vortne arresterte, men dei stod faste på Terminal 2 på flyplassen av di S-banen inn til Köln sentrum var vorten blokkert av motdemonstrantar – det andre dømet på jarnbanesabotasje denne dagen.
Til avisone hev Politiet seinare sagt at dei lagde ned forbod mot demonstrasjonen av tryggleiksumsyn. Um dei 300-400 tilreisande hadde greidd å koma seg samla inn til Køln sentrum, hadde Politiet vorte nøydde til å nytta vasskanoner for å rydja ei opning i blokaden der dei tilreisande kunde få sleppa inn på plassen – men dette meinte Politiet vilde vera yverdriven maktbruk. Ein kunde vel ikkje byrja å spyla burt staut og flott AFA-ungdom berre for skuld nokre «høgreekstremistar»? Politiet som hevda å ha venta seg so mange som 40.000 motdemonstrantar kapitulerte soleides for ein mobb som toppen talde 10.000 personar (og takken frå dei kampglade AFA-ungdomane seinare på kvelden var likevel ikkje noko anna enn endå meir bråk, og det enda med at 500 autonome vart tekne i varetekt. Millom anna ramponerte dei ein busshaldeplass og sette fyr på nokre svære busdunkar som dei hadde drive og trilla rundt på. Ikkje for å stogga høgreekstremistar, slik som Marte Michelet fekk seg til å skriva i Dagbladet, men berre for å laga kvalm).
Dei 80 frammøtte Pro Köln-aktivistane vilde ikkje utan vidare godtaka at møtet som dei hadde planlagt mange månader fyreåt skulde verta forbode på staden. Dei vona i det lengste at dei tilreisande venene deira skulde klara å koma seg ned til Neumarkt, og det gjekk difor nokre timar med tingingar med Politiet fyre dei endeleg gav upp. Då eit titals av desse vart evakuerte frå marknadsplassen og yver i eit hus som stod i utkanten av det avsperra territoriet, kom dei på «skothald» frå vinstreaktivistane – og nazisvin-skjellsordi hagla mot dei lokale anti-islamiserings-aktivistane. Fyre eg visste ordet av det, var det kome i gang eit slagsmål ute på plassen. Anten må det ha vore ein av vinstreaktivistane som hadde greidd å brjota gjenom sperringane, eller so må det ha vore ein journalist med pressepass som gjekk amok (på same måten som det i si tid vart helt øl yver Vidar Kleppe), for vedkomande gjekk laus på anti-islamistane med slag, spark og spyttklysor fyre han vart yvermanna av Politiet.
Det store fleirtalet av motdemonstrantane var anten autonome eller vinstreaktivistar i det politisk korrekte spektrumet frå Die Linke og endå lengre ut mot vinstresida. Kor mange av desse som var tilreisande er ikkje godt å segja, men eg vil tru det var det store fleirtalet. Millom anna snakka eg med trotskist-ungdomar frå Belgia og med autonome frå St. Pauli i Hamburg. Og som eg allereide hev nemnt so var jarnvegstasjonen kjåka full av med vinstreradikal berm. Men det skal nok likevel ikkje forundra meg um PK-versjonen av saki vert at «lokalfolkesetnaden» jaga tilreisande «høgreekstremistar», på same måten som med den gamle mediamyten um brumunddølar som vende Arne Myrdal ryggen. Og visselegt: Den same kvelden hadde lokalavisa i Köln ein leidarartikkel der det skulde heita seg at folket i Köln hadde «forsvart» seg mot «høgreekstremistane». Um det skulde koma til tilsvarande freistnader på anti-islamske konferansar i andre europeiske byar so vona dei at «ekstremistane» skulde verta helsa «velkomne» på den same måten der med, skreiv redaktøren på leidarplass. Og (tidlegare leidar for Raud Ungdom), Marte Michelet, som var Dagbladet si dama på staden, leverar typisk nok den same propagandaversjonen.
Mot Pro Köln og anti-islamistane var det denne gongen som elles den vanlege alliansen yver heile det politisk korrekte spektrumet millom prestar, topp-politikarar og andre respektable «samfundsstøtter» på den eine sida - og valdeleg, øldrikkande og hasjrøykande ramp på den andre sida. Men det illustrerar vel kanskje berre det «mangfeldet» som det er so viktugt for desse å forsvara? Meiningsmangfelde er det visst ikkje fullt so fårlegt med.
Og for andre gongen på rad er freistnadene på å få til eit europeisk folkemøte mot islamisering vorte slege ned. Den 11. september 2007 freista organisasjonen Stop The Islamization of Europe (SIOE) å halda demonstrasjon i Brüssel, men demonstrasjonen vart forboden av di han kunde «provosera muslimar» og dimed føra til valdelege konfrontasjonar. Då aktivistar frå SIOE og Vlaams Belang trassa demonstrasjonsforbodet og møtte fram okke som, vart dei brutalt arresterte av Politiet og frakta burt i ein politibuss (på Youtube finst det videoar som dokumenterar valdsdåden).
Som eit siste stunt freista Pro Köln å flyga eit privatfly yver byen med eit stort «Pro Köln»-banner på slep. Men det gjekk ikkje lange stundi fyre flyet fekk politihelikopter etter seg og vart tvinga til å landa: Å fljuga eit banner med «Pro Köln» var etter politiet sitt syn ein uturvande provokasjon mot dei frammøtte motdemonstrantane, og kunde soleides ikkje godtakast. Konklusjonen etter dagsens hendingar må soleides vera at frie meiningsytringar mot islamiseringi av Europa ikkje vert tolerert – korkje til lands, til sjøs eller i lufti!
sundag, september 21, 2008
Pøbelen herja i Köln: Ahmadinejad fekk det som han vilde
Lagt inn av
Maalmannen
kl.
12:56 PM
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

4 kommentarar:
Europa tapar slaget mot Islam, grunna eigne forrædarar. Sjukt. Charls Martel snur seg i grava.
Ingmar.
Her fann eg endaa ei forvitneleg augevitneskildring med masse bilete.
Jeg fatter ikke hvorfor tyskerne er så vannvittig imot nazismen, når de med åpne armer ønsker islam velkommen! islam og nazismen er jo to alen av samme stykke! De er så å si tvillingideologier som begge forlanger jødene utryddet. Man kan derfor umulig være nazist dersom man ønsker islam fjernet fra Europa. De virkelige nazistene befinner seg nå på venstresida blant antirasistbermen.
Og når det gèld dette med toleranse. Det finst ikkì noko som er meir intolerant enn absolutt toleranse, som ein ven av meg sagde det for år sidan...
Legg inn en kommentar