fredag, september 05, 2008

Hockey-mamma

Kva er ei hockey-mor? Ja, spursmålet hev truleg reist seg på mange arbeidsplassar og millom språk- og politikkinteresserte etter talen til Sarah Palin på landsmøtet til Republikanarane denne vika. Det skal visstnok vera ei millomklassemor som er interessert i og brukar mykje tid på å taka var på borni med millom å køyra dei på trening.

Det interessante spursmålet finst det eit norsk ord for det same. Ein kann jo gjerne bruka ordet i tilknyting til Sambandsstatane, men ofte er det slik at fenomen og ord spreider seg og hockey er ingen stor sport i Noreg, so det høyrest rart ut å kalla ei norsk mor for hockey-mamma.

Me burde gjera som islendingane starta ein diskusjon rundt kva ord som vil vera godtakande og brukande som avløysarord for det amerikanske. Kva med ei tanterundtumkring mor eller Nusse-mamma etter Anne Cath Vestlys mangslungne univers? Eller tidsklembemor? Eller barnemat-mamma etter mori til ein viss kjenning av lesarane på denne bloggen? Eller kannhenda kenguru-mamma? Ei mor som spring umkring med ungane på magen. Eller frakte- og trøystemor? Fotball-mamma er jo det nærmaste ein kjem i samanlikning og utbreiding.

Ja, her er det berre å hengja seg på. Framleggi er mange og kjem det fleire, so vil eit av dei kunna vinna fram. All røynsla frå Island borgar for at di fleire ord som kjem på marknaden di større sjanse for at eit av dei festnar seg.

4 kommentarar:

maalmannen sa...

Ei nusse-mamma er det vel fyrst og fremst reivungar som treng...

maalmannen sa...

Dette med at ungane skal köyrast til trening er no elles ein uskikk. Dei hev berre godt av aa bruka fötene...

Marøy sa...

Ja, no spyrst det jo kor langt det er og kor fårleg det er, og Sambandsstatane er ikkje Volda eller Tysnes.

Marøy sa...

Ja, og so gløymde eg at du naturlegvis aldri høyrde på barnetimen på 1970-talet og høyrde Anne Cath Vestly fortelja um mammaen til Nusse som var so flink til å laga rundstykkje og greida upp i alt det praktiske, kanskje ho til og med kunde ha vorte kalla husmorvikar. Ei yrkesgruppa som diverre hev vorte burte.

Du som er so ung fekk vel heller aldri med deg "I ville vesten" og
"Dick Turpin" eller? For ikkje å snakka um "Miami Vice".