laurdag, august 09, 2008

Norsk ynskjetenkjing som vanleg

USA krev at Georgia sin territorielle integritet vert respektert. Representantar for Polen, Estland, Latvia og Litauen kallar den russiske politikken for "imperialistisk". Og Carl Bildt jamfører Putin sitt åtak på Georgia med Hitler sin ekspansjonspolitikk. Men kva segjer Jens Stoltenberg? Jau, som vanlegt er det "båe partar" som må vera atterhaldne og "besinne seg"...

Her er me vitne til at eit anna suverent vestlegt, demokratisk land vert yverfalle i ein god gamaldags anneksjons- og imperieutvidingskrig - noko som ikkje hev skjedd sidan den kalde krigens dagar, og snaudt nok då, og likevel torer ikkje norske styresmakter å koma med eit einaste kritisk motlegg. Dei torer kanskje ikkje ein gong tenkja tanken på kva som vilde skjedd i Noreg ved ein eventuell konfrontasjon med russiske styresmakter no som me hev lagt landet forsvarslaust? Og so vert det i staden å lata att augo og halda fram med ynskjetenkjingi um at Russland er eit venlegsinna demokratisk land som aldri kunde koma til å setja makt attum kravi i til dømes Barentshavet med?

Fatige Georgia kallar attende 2000 mann frå Irak som dei kann setja inn i kampen mot yverfallsmennene, men Noreg hadde vel snaudt greidd å stable på føtene ein bataljon. Og då vert det vel her som i karikaturstriden og med den snikande islamiseringi av Europa - feige norske politikarar veit at me kjem til å tapa for full musikk um det vert ein open konflikt, difor gjeld det i staden å leggja seg flate i det stille og gjeva frå seg fridom og sjølvstende so varsamt at me ikkje ansar på det sjølve ein gong?

25 kommentarar:

Marøy sa...

Er det noko som veit kor stor minoritet den islamske grupperingi i Ossetia er?

maalmannen sa...

I denne artikkelen vert det hævda at det kann vera upp til 30 prosent muslimar millom ossetarane (det vert ikkje sagt noko um korleis det fordelar seg millom nord og sud):

The role of Islam in North Ossetia

Ole Jakob sa...

Det er greidt at Russland hev stormaktsgalenskap fyre seg, og ofrar georgarar for di dei ynskjer NATO ut av Kaukasus med det same, men eg lurer litt på kva som er gale med å sjå et det er tvo sidor i denne saki. Kvifor skal ikkje Russland få forsvara statsborgarane sine?

Marøy sa...

Det interessante er kva rolla muslimane spelar uppe i det heile. Er dei stabil og sekulære eller er dei vaknande jihadistar? Kann Russland i so tilfelle taka kontroll yver uroelementi og stogga dei? Eller hev Georgia kontroll, medan russarane vil spela på ustabile element for å utvida territoriet sitt?

Eg er ikkje imot krig. Formelt sett etter SN er Ossetia ein del av Georgia, og Russland hev ikkje rett til taka på Ossetia, meir enn å taka på Georgia. Men attum formalitetar finst det alltid realitetar, og dei kann ein aldri sjå attum.

Elles var jo Gahr Støre klar i kveldsnytt. Dette er ein krig Noreg er imot, slo han fast.

maalmannen sa...

Kva er det som er den andre sida av saki då, Ole Jakob?

Territorium er det Russland hev mest av og Georgia hev minst av.
Med Abkhazia og Sud-Ossetia hev Russland tvo lange fingrar langt inn i Georgia, dei stend berre nokre mil frå hovudstaden Tblisi.
Utanum studnaden frå Russland hev då desse små utbrytarrepublikkane hev då ingenting å livnæra seg av, anna enn smugling og organisert kriminalitet. Moldavia hev det same problemet med Transnistria - som der med er forsvart av ein russisk "fredsstyrke".

Nærare full anneksjon av anna land sitt territorium kann ein neppe koma når Russland fyrst rykkjer inn som "fredsstyrke", dinest gjev russisk statsborgarskap til dei som bur der og seinare under dekkje av å vilja "forsvara russiske borgarar" gjeng til massivt motåtak når Georgia freistar setja inn att lovleg valde styresmakter.

Det er då store russiske minoritetar både i Estland, Latvia, Litauen, Kviterussland og Ukraina. Dei baltiske statane hev lukta lunta når dei ordlegg seg so sterkt som dei gjer i mot den russiske invasjonen. Men at USA og EU møter seg sjølve i døri etter at dei gav sjølvstende til Kosovo er ei onnor sak.

maalmannen sa...

Stoltenberg i Dagsrevyen kom då berre med det vanlege røret um at båe sidor måtte syna atterhald. Men Støre i Kveldsnytt nokre timar seinare var klårare ja.

Lucifer sa...

Kva med CIA (guden i Washington) oppi alt dette? Ha de tenkt på dét, skinnskallar?

Kardinalnazisten sa...

muslimer, muslimer, muslimer. zzzznork.

Kan dere ikke begynne å tenke på øl og fitte som normale mannfolk?

maalmannen sa...

Helder snauskalle enn saueskinnskalle. Fyrstnemnde torer i minsto å stå ope fram med det dei meiner, same kor drjugt det skulde vera, medan sistnemnde må gøyma seg attum falske signaturar og neddregne gardiner i eit guterom i Nidaros...

ole jakob sa...

Det som er den andre sida av saki, er at Russland lengje hev sagt at dei er viljuge til å forsvara eigne statsborgarar. Eg høyrde sjølv leidaren i utanrikskomitéen i statsdumaen segja det i vår. No når Georgia hev rokka ved de facto-sjølvstendet åt Sud-Ossetia, held Russland denne lovnaden. At Russland ser ut til å ganga hardare til verket en berre å føra stoda attende til status quo frå fyrre vika, syner nok di verre at russarane hev umhug for meir en sud-ossetarane, dei vil halda på dominansen i regionen.

Like fullt, saki er at Russland stend ved lovnader til statsborgarane sine. Rekkjefylgdi i "anneksjons-soga" di, er ikkje heilt klår, heller. Når russarar skal fortelja denne soga (eg hev høyrt det frå russiske professorar og denne komitéleidaren i dumaen méd) byrjar dei med nasjonalismepolitikken til Stalin med "kløyv og hersk"-tankar attum nyinndelingar av sovjetrepublikkane. På grunn av dette sat ein att med "galne" grensor millom republikkane ved uppløysingi av Sovjetsamveldet. I denne stoda gav Russland (som meinte (og meiner) å hava eit yverordna andsvar for heile SUS-regionen) russisk statsborgarskap og "verjemål" for alle russarar og folk av andre nasjonalitetar som vilde ha det og som var hamna i "feil" land.

Umhug for ossetarane er ikkje berre ein skalkegrunn for eit asymmetriskt motåtak og eit grovt yverfall på ein liten vestlegvenleg stat, det er ei ektekjend fyreloga hjå russarane, um enn brutal maktuppvising venteleg hev eit større rom på den russiske dagsetelen.

maalmannen sa...

Men kva er det me diskuterar her, formalitetar eller realitetar eller alt på ein gong?

Det som er klårt er at både Russland og Georgia er suverene statar som er med i SN og som hev skrive under SN-pakta. I denne pakti stend det svart på kvitt at denne pakti gjeng framfor alle avtalor og eventuell "sedvane" som einkvan skulde velja å påropa seg. Ingen land som er med i SN hev rett til å gå til militært åtak på eit anna land utan SN-mandat. Dette hev då vorte diskutert upp og ned og i mente i nyare tid både i samband med Kosovo-krigen og Irak-krigen.

Då Tyrkia invaderte Kypros i 1974 sa dei meir eller mindre det same som Putin segjer no - at Tyrkia hadde rett til å verna den tyrkiske folkesetnaden på øyni og at dei jamvel hadde ei skriftleg avtala frå det året Kypros var sjølvstendig som gav dei denne retten. Ingen land hev godteke det som Tyrkia hev gjort på Kypros.

Når Russland fyrst gjeng inn i Sud-Ossetia som "fredsstyrke", dinæst "gjev statsborgskap" til dei som bur der og so med attendeverkande kraft hævdar at dei er der for å "verna russiske statsborgarar", kann det vel ikkje vera so vandslegt å gjenomskoda taktikken som den snik-anneksjonen det faktisk er. Ossetarane er eit iransk folk, ikkje eit russisk, og dei var ikkje ein gong russiske statsborgarar fyre Russland fann det opportunt å "gje" dei russisk statsborgarskap.

Russarane må gjerne vera sure for at grensone millom dei tidlegare sovjetrepublikkane er som dei er, men dei hev faktisk ikkje større rett til å gå til åtakskrig for å flytta på internasjonalt godkjende grensor enn det Finland, Estland og Polen eventuelt skulde ha til å starta grensejusteringskrig - altso ingen rett i det heile. Den sovjetiske konstitusjonen var klår nok på papiret - jamvel um det fram til samanbrotet i 1991 var noko anna i praksis - alle dei ulike sovjetrepublikkane hadde rett til å melda seg heilt ut or Sovjetunionen med akkurat dei grensone som dei hadde, og det var det Georgia valde å gjera, saman med dei baltiske statane.

Det er klårt nok at Russland ser på Kaukasus som sin "bakgard" og at dei vil statuera eit eksempel um kva som kann skje med ulydige land som ikkje hev forstått dette, men korkje juridisk eller moralsk gjev det Russland nokon som helst slags rett til å halda fram slik som dei gjer.

nestle sa...

"Helder snauskalle enn saueskinnskalle."

Som ulv i saueham? Skummelt ikkje sant?

"Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar."

nestle sa...

"Kan dere ikke begynne å tenke på øl og fitte som normale mannfolk?"

Sjølvproklamert aseksuelle "Marøy" har iallefall nemnt Samantha Fox. Ein god start!

ole jakob sa...

Det er ikkje fyrst og fremst russarane som er sure for at grensone er som dei er millom Georgia og Den russiske føderasjonen, det er ossetarane og abkhaziarane. Dei hev motsett seg den georgiske sentralmakti og vil heller vera med i det føderale multietniske russiske imperiet en den georgiske nasjonalstaten. Internajonal rett er laga av statar, og er laga so til at ein lyt vera ein "stat" skal ein hava nokon "rett". Trass i dette finst det utbrytargruppor med de facto-statar som spelar eigne rollor på utsida av dette systemet. Ossetarane høyrer innunder Georgia mot sin vilje, og Den russiske føderasjonen hev synt umtanke for deim. Det er "noko som helst slags moralsk rett", meiner no eg.

At russarane gjeng av skaftet, hev ein mykje større dagsetel en som so og bombar bustadblokker i resten av Georgia, er sjølvsagt den viktugaste sida av saki, og det er so klårt so forkasteleg det kann verta.

Nan sa...

In The Heat of the Night har vore voggesongen til "Marøy" i fleire år no, men han kjem liksom ikkje lengre. Han blir liggjande vaken og gruble. Slik sett minner han meg ein tanke om den kastrerte hannkatten min, Ixx. Kvar vår luskar denne seg rundt i nattemørkret på jakt etter kattar som rullar seg på ryggen på den tida. Han veit nok inst inne at det er noko på gang, men får liksom ikkje heilt tak i kva det er. Ixx rullar seg til slutt på ryggen sjølv, og blir liggjande side om side med hokatten som ville ha han, og kjem til slutt luskande inn kattedøra si heilt aleine. Eg kallar han ofte berre for munken om våren.

Kattar har mange formildande trekk. Dei er t.d. mykje mindre reaksjonære enn visse "maalmenn". Jean Cocteau sa det som det er: "Si je préfère les chats aux chiens, c'est parce qu'il n'y a pas de chat policier." (Når eg føretrekk kattar heller enn hundar, så er det fordi det ikkje finst politikattar). "Marøy" får meg ofte til å tenkje på ein tystar -- ein politihund. Eg kan ikkje noko for det.

Marøy sa...

Framifrå. Dette må du få publiserte. Du kjem til å vinna litterære prisar for denne diktingi.

Storstrand sa...

Lars Bjarne då,... "Er dei stabil og sekulære eller er dei vaknande jihadistar"

Det finst ikkì moderasjon innan islam, og difor kann dei helr ikkì vera stabile og sekulære... umskrive frå dr. Moshe Sharon, verdas framste spesialist på islam.

Storstrand sa...

Kvifor skal dette vera svo vandt? Musulmanarane stormar fram i smårepublikkane i Kaukasus - og er per definisjon terroristar.

Utan at det tyder at eg styd Putin i alt han gèr (eg reknar med at han kèm til å gå til åtak på Norìg um ikkì altfor lenge, men spyrr meg ikkì um tidspunkt!) svo styd eg Putin og Russland i å køyra ei hard hand mot musulmanske utbrytargruppor.

Det hev seg no eingong sosso at dersom musulmanarne vinn fram med å reisa eigne statar, fær dei meir blod på tand, grunna det faktum at dei då vert yvertydd um at "allah er større" (allahu aqbar!), og det provar at islam til sist skal sigra yver heile verdi.

Anonym sa...

Vel. Lars Toralf, um du absolutt skal ha reine ord for pengane. Det finst gradar av galskap frå Taliban ot til Tyrkia. Men no likar jo eg tidvis å formulera meg litt rundt. Kor lenge hadde du yverlevt i t.d. Iran slik du ordlegg deg?

Storstrand sa...

Truleg ikkì lenge. Men svo hev då helr ikkì Iran ytringsfridom. Dei er eit totalitært regime.

Guten som aldri søv sa...

Finn deg ein mann!

maalmannen sa...

Ole Jakob,

Då Abkhazia med studnad frå russiske militærstyrkar vart ein "sjølvstendig stat" i 1992 vart upp til 30.000 etniske georgiarar drepne, og eit par hundrad tusund laut flytja. Utan denne etniske reinsingi og nedslaktingi hadde det ikkje vore noko abkhazisk folkefleirtal å snakka um i Abkhazia i det heile. Millom dei som kjempa friviljugt for abkhazarane i 1992 var Sjamil Basajev, seinare best kjend gisselaksjonane i Dubjonnovsk og Beslan.

Um abkhazarane og ossetarane vil ha sine eigne etnisk reine regionar so kunde vel Russland syta for at dei fekk slike i Sibir eller på anna folketomt territorium som dei disponerar - dei hev då lang tradisjon frå Stalin-tidi med flytjing av folkegruppor.

Georgia hev tilbode umfemnande lokalt sjølvstyre til utbrytarregionane, og meir enn dette kann ein umoglegt krevja av landet med mindre ein meiner at dei rett og slett friviljugt skal avstå desse territoria. Russland hev på si sida ikkje kome med noko mottilbod anna enn at dei vil halda uppe status quo. I millomtidi er utbrytarstatane destabiliserande element som ikkje hev anna å livnæra seg av enn smugling og organisert kriminalitet, og som vilde ha kollapsa med det same um det ikkje var for studnaden frå Russland. Moldova hev nett det same problemet med Transnistria, som Die Zeit gjorde ei stor sak på for ikkje so lenge sidan.

maalmannen sa...

Her er meir um den russiskstudde etniske reinsingi av georgiarar frå Abkhazia:

http://en.wikipedia.org/wiki/Ethnic_cleansing_of_Georgians_in_Abkhazia

ole jakob sa...

Eg er meir uppteken av å skyna meg på problemi en å gissa på løysingar, so eg hev ikkje so mykje å segja mot dette du kjem med her. Georgia vil vinna suverenitet, dei synte fyrre vika at dei gjerne brukar våpnmakt for dette, men dei vil gjeva regionane so stor autonomi som tenkjast kann. Utbrytarregionane hev som alle smertelegt hev fenge røyna no, russisk militærmakt i ryggen, og sit difor på makt til å stella eigne krav, og må ikkje berre taka takksamt i mot tilbod frå Tbilisi. de facto-sjølvstende med studnad frå Russland (altso attende i status quo) synest som det mest stabile tilstandet. Men etter at dei driv og krigar no, er kann henda denne balansen skjepla heilt (det fær framhaldet syna).

maalmannen sa...

Georgisk minister takkar israelske militære for hjelp med å trena upp dei soldatane som no er i kamp:

http://www.haaretz.com/hasen/spages/1010187.html