måndag, mai 05, 2008

Er Sponheim dum eller strategisk?

I sine mange stadige utfall mot Fremskrittspartiet vert Lars Sponheim stendig hermd i mediene som den reinaste guruen som skal brukast til å få Høgre til å tenkja "nytt" – eller "gamalt" – alt etter som korleides ein ser det.

I eit utspel der Sponheim ber Høgre isolera Fremskrittspartiet, tykkjest det som om han kan vera viljug til å ofra både namn og rykte for å hindra FrP å koma til makta. Og det skal han sjølvsagt ha lov til å freista – og gèra – og meina, som sømer seg eit fritt samfund.

Men ein kann stilla spursmål ved måten han kjoser og gèra det på.

For truleg vil Sponheim sine mange åtak på FrP verka heilt det motsette av det han ytrar at han ynskìr: nemleg at FrP veks seg sterkare; og kvor stend Lars Sponheim då?

Me kann altså stilla spursmåli: Er Lars Sponheim dum? Eller er han strategisk. Er det slik at Lars Sponheim er ein reell motstandar av FrP – eller er han duld tilhengar?

Sume trur nok at det er Sponheim som står for realliberalisme her til lands, men få ting kann vera mindre sant. Kulturliberalismen er nemleg fjernt frå realliberalisme. Kulturliberalisme er nemleg 40 prosent liberalisme blanda med 60 prosent sosialisme – noko som gèr at i røyndomen finst det ingen liberalisme i Venstre – altså ingen reell fridom.

Sponheim trur kann henda at han er strategisk ---

Sanningi derimot er nok noko onnorleides.

 

2 kommentarar:

Nyx sa...

Alle utfall og nedsettende kommentarer om FrP og FrPs velger opp gjennom årene tyder på at de andre partiene vet at FrP har rett, og at de frykter FrPs budskap. Forklaringen er at i sak, så har FrP et stort potensiale til å ta velgere fra de andre partiene.
Når folk forholder seg til sak, og ikke til den anatipati, den avsky og den forakt for FrPs velgere som de andre partiene har kjørt på med sine småborgerlige appeller, så er folk mye mer enig med FrP enn de er klar over. Det er helt opplagt. Man trenger ikke engang noen empiri for å kunne konstatere det.

Storstrand sa...

Godt sagt.