Eller kann henda eg burde spurd: Finst det noko land som heiter Palestina?
Dette spursmålet er på sumt vis tidlaust og samstundes ikkì tidlaust likevel. Men aktuelt er det – både grunna den arabisk/muslimske krigen mot Israel – og den pågande saki mot Arfan Bhatti i det norske rettsapparatet. Her står det nemleg å lesa:
At han kann reisa til Jordan – det er svo sin sak, men korleides kann han reisa til Palestina – all den tid det ikkì finst noko registrert land nokon stad som heiter Palestina?
Det vil segja, med mindre ein tek umsyn til fylgjande utsegn frå tidlegare kongar i Jordan, Abdullah og Hussein:
«Palestine and Jordan are one...» (Kong Abdullah, 1948)
«The truth is that Jordan is Palestine and Palestine is Jordan» (Kong Hussein, 1981)
«Palestine is Jordan and Jordan is Palestine; there is only one land, with one history and one and the same fate» (Prins Hassan, 2. februar 1970)
«Jordanians and Palestinians are considered by the PLO as one people», (Farouk Khaddoumi, 14. mars 1977, Newsweek)
Den arabisk-amerikanske spaltisten Josef Farah segjer det endå sterkare:
«Palestine has never existed - before or since - as an autonomous entity. It was ruled alternately by Rome, by Islamic and Christian crusaders, by the Ottoman Empire, and briefly by the British after World War I. The British agreed to restore at least part of the land to the Jewish people as their homeland. There was no language known as Palestinian. There was no distinct Palestinian culture. There has never been a Palestine governed by the Palestinians. Palestinians are Arabs, indistinguishable from Jordanians (another recent invention), Syrians, Lebanese, Iraqis, etc.»
Lat oss no sjå på nokre enkle, historiske fakta:
1. Det er jødar, ikkì arabarar, som hev lìvd utan avbrot i det bibelske lovnadslandet, serskilt Judea og Samaria (ofte kalla Vestbarden).
2. Den sitjande dronninga av Jordan er "palestina"-arabar.
3. Helvta av Jordans statsministrar sidan 1950 hev vore palestina-arabarar.
4. Meir enn 2/3 av innbyggarane i Jordan er "palestinarar" (palestina-arabarar)
5. Majoriteten av innbyggarane i Amman er palestina-arabarar.
6. Over helvta av soldatane i den jordanske hæren er "palestinarar", sa kong Hussein på radio 3. februar 1973.
7. Majoriteten av andre tryggjingsstyrkar er palestina-arabarar.
8. Jordan opptek 77 prosent av det fyre dette svokalla "Palestina-mandatet" som opphaveleg var lova jødane av den britiske stjorni (regèringi) i 1917.
9. Folketettleiken i landet er cirka 61 menneske per kvadratmile (ca 23 menneske per kvadratkilometer, dersom matematikkunnskapene mine strekk til). Det er difor god plass til resten av folket deira.
Og til sist: Namnet "Palestina" er ei latinisering av "Filistea" som tyder "Filisterland" – etter namnet på eit græsk folk som budde i umrådet kring Gaza og Asqelon for kring 2900 år sidan – fyrr dei døydde ut.

5 kommentarar:
Det er alltid spennande å skriva blogg. Er folk samde eller usamde. Gode diskusjonar er alltid nyttige - men endå kjekkare er det - når folk er samde. Då veit ein at det ikkì finst motargument; som det heiter i munnhellet: "den som tegjer, er samd"
samtykkjer meiner du, vel?
Kvar ligg Palestina? leste jeg som overskrift. Det skulle jeg gjerne ha fått visst, jeg og.
Mvh.: Birgir
Lars Bjarne:
Kva meiner du? Er det skilnad på å vera samd og å samtykkja?
Vel, etter at eg fekk høyra at det var skipa noko som heiter samtykkjarlaget, so er eg vorten litt meir varsam med å seia at eg samtykkjer...
Legg inn en kommentar