Saka kring konsulenten som fekk 1 million i vederlag etter å ha måtta slutta i jobben sin syner tydeleg at det svokallade 'tilsetjingsvernet' her til lands hev gìnge for langt. Eitkvart bør gèrast. Straks.
Det ligg i korta – ikkì minst når det gjeld konsulentstillingar og rådgìvarstillingar som er knytt opp til politiske verv – at desse skal vera millombìls. Dei kann ikkì vera anna.
Ein konsulent må endåtil vera sjôlvstendig næringsdrivande – og må vera dugande nok til å kunna selga tenestene sine der han/ho fær mest pengar for deim.
Ein konsulent kann ikkì hava krav på etterbetaling eller 'fallskìrm' skulde det visa seg at han/ho ikkì fyller dei krava han/ho hev teke på seg å utfylla.
Det tyder ikkì at arbeidsgìvarar kan segja upp folk yver ein låg sko – men dei må kunna ha rett til å trygga seg at dei fær valuta for pengarne sine.
Samstundes er det ogso heilvisst at dette kèm ingen av dei sosialistiske partia til å vilja gèra noko med. For dei vil berre hava kontroll over deg – og ditt. Kosta kva det kosta vil…

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar