Eliot Spitzer som vert umtala som ein nær ven og støttespelar av Hillary Clinton, hev vorte avslørd som ein deltakar i ein prostitusjonsring. Det er ikkje noko rart i det. Clintons frigjorde syn på seksualitet er velkjend. Det interessante her vil verta korleis Clinton vil distansera seg frå Spitzer. Ho hev ein lang tradisjon for å dumpa støttespelarar som ikkje lenger kann brukast på ein legitim måte.
Det morosame er framleis at demokratane slæst mot kvarandre, medan republikanarane hev sin kandidat reidug. Lat Clinton og Obama krangla so mykje dei vil, gjerne heilt fram til august. Di meir fokus på dei di betre. Elles kann det vel òg vera ein fyremun for McCain å få ut dei dårlege sidone sine no, so kann han fokusera maksimalt på dei gode når demokratane hev valt sin kandidat.
måndag, mars 10, 2008
Korleis dumpar Clinton Spitzer?
Lagt inn av
Marøy
kl.
11:28 PM
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar