laurdag, mars 08, 2008

Ei god lygn kann aldri takast uppatt ofte nok

Lågmålmannen byrjar å sitera meg for ting eg hev sagt i innlegg som gjeng fleire månader attende og som eg hev kommentert grundig tidlegare. Ja, slik er det når ein ikkje fær inn skikkeleg stikk i samtidi, må ein draga framatt gamle lygner. Slik sett kann lågmålmannen halda fram i det endelause, akkurat som Se og Hør eller liknande organ. Men, men eg hev ikkje noko i mot å verta elska av kverulantar, so lenge ein hev uavgrensa høve til å kommentera slikt på sin eigen blogg, so er det meste i orden.

Og ja, eg vil uppmoda alle muslimar spesielt um å fara respektfullt åt når dei ev. vitjar synagogar. Det gjer meg ikkje til tilhengjar av raseskilje for muslimar, burtsett i frå i hovudet til ein anonym multibloggar, som er so redd for å syna namnet sitt for ålmenta at han stødt er på flukt i bloggosfæren.

1 kommentarar:

Admiral_Gringo sa...

It wasn`t me :-)

(Mitt namn er Lars Hendrik Hausken)