Det må stå dårleg til med Vatikanet for tidi (no, ja, det gèr det jo i grunnen alltid, sidan dei representerer det gudlause, det fråfalne) men no hev dei uppdatert seg i forhold til dødssynder. Tidlegare hev dødssyndene vore: 1. Superbia – Hovmot 2. Avartia – Gìrugleik 3. Luxuria – Attrå 4. Invidia – Svartsjuke 5. Gula – Fråtsing 6. Ira – Vreide 7. Acedia – Latskap, Apati So kjem altså kyrka som med fynd hevdar "semper eadem" – alltid den same – med ei tilsynelatande endring av dei sju dødssyndene, denne gongen relatert til "miljøvennlegleik" og "forureining". Dei sju nye dødssyndene skal vera: 1. Forureina miljøet 2. Bruke eller selgja narkotika 3. Genmanipulering 4. Eksperimentera på menneske 5. Årsaka sosial urettferdigleik 6. Årsaka fattigdom 7. Vera uanstendig rik Dette er forvitneleg. For den svokalla "kyrka" med hovudsete i Rom, som framfor alt anna påropar seg å vera "kyrka over alle kyrkor" segjer millom anna at ein ikkje berre fornærmar Gud gènom steling, blasfemi og truløyse, men ogso ved dei ovannemnde: Å øyda miljøet, utføra vitskaplege eksperiment som er etisk diskutable eller å akseptera genmanipulering, segjer "biskop" Gianfranco Girotti. Vidare segjer Girotti, som er regent i det påstått "apostoliske pønitentiari" – den svokalla "apostoliske skriftemålsdomstolen" som nyss publiserte dei ovanståande dødssyndene i L'Osservatore Romano, som er avisa åt Vatikanet. Det som serskilt er forvitneleg er at her finst både rette og gale ting med desse setningane, men mest av alt er det moro å lesa. Den som forureinar miljøet me er sett av Gud for å forvalta gjer seg sjølvsagt skuld i hovmot mot Gud, avdi ein set seg opp mot han. Den som brukar eller sel narkotika, øyder skaparverket – og gjer seg ogso skuld i hovmot mot Gud. Det same kann segjast um genmanipulering. Meir forvitneleg vert det når ein tek fram punkt 4 til 7, um å eksperimentera på menneske, årsaka sosial urettferdigleik, fattigdom – og å vera uanstendig rik. For kven høver vel desse nemningane betre på enn nett den romersk-katolske kyrka. Den sosiale urettferdigleiken som Vatikanet har forårsaka gjenom snart 1500 år kan ikkì samanliknast med noko. Den fattigdomen dei hev påtvunge folk med sitt uuttalte kasteumgrep på, samt ikkì minst å vera uanstendig rik – rettar dei ein peikefinger mot seg sjôlv som skrik "SKULDIG!!" og når det gjeld å eksperimentera på menneska – treng ein berre visa til holocaust – og nazi-Tyskland si herjing med "undermenneske" og eksperimentering – medan dei trygt haldt kjeft og unnlet å kritisera deira eigen gode ven, katolikken Adolf Hitler...
måndag, mars 10, 2008
Dakar Vatikanet...
Lagt inn av
Storstrand
kl.
2:46 PM
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarar:
Er Vatikanet gudlause eller berre vanlege avgudsdyrkarar som muselmennene?
Både og. Dei trur på same gud, i fylgje pave Karol Wojtyła. Den medgìvingi er god nok for meg - for sidan korkì paven eller musulmanarne (muslimarne) trur på same Gud som meg - så er løysingi enkel å sjå.
Brigdet er nok berre tilsynelatande eller ikkje noko brigde i det heile, iallfall viss ein skal tru http://www.katolsk.no/nyheter/2008/03/11-0003.htm
Legg inn en kommentar