laurdag, januar 13, 2007

Neger eller blåmann?

Ved joletider gjekk det fyre seg eit ordskifte um det var rett å byta ut ordet "negerkonge" med "sydhavskonge" i nye upplag av bøkene hennar Astrid Lindgren. Millom dei som engasjerte seg i ordskiftet var millom anna språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Han minte um at ordet neger for dei fleste hadde vore eit nøytralt ord, og at det fyrst i dei seinste åri hev vorte tolka negativt.

Motargumentet som vart servert frå - kva skal ein kalla det utan å trakka noko på tærne - jau, afronorske interesseorganisasjonar, var at det ikkje spela nokor rolla um folk flest rekna ordet for negativt eller ikkje, so lenge dei sjølve ikkje ynskte å verta umtala med dette namnet. Dei assosierar denne nemningi med ei koloni- og slaverifortid som dei ynskjer å leggja attum seg, og det høyrer med til god skikk å ikkje nytta nemningar på folk som dei sjølve ikkje likar å verta umtala med. - Skal du kalla meg noko, so kann du kalla meg for "astha", hævda ein av debattantane på NRK Standpunkt.

Eg skal ikkje underslå at dei som segjer dette faktisk hev eit poeng. Dessutan so er neger eit framandimportert ord og soleides ikkje noko stort tap for det norske målet. Men er det rett at serinteressor skal få styra språket og ordvalet åt fleirtalet på denne måten? Skal ei fylgja dette resonnementet vidare so er ikkje neger det einaste ordet som lyt skiftast ut - Nokre døme: sigøynarane må umtalast som romanifolk, andregenerasjons innvandrarar må umtalast som fyrstegenerasjons nordmenner, eskimoane må umtalast som inuittar, ja, sjølve øyni Grønland bør helst heita Kalaatdit Nunat. I staden for å nytta ord og nemningar som av dei fleste hev vorte uppfatta som nøytrale, kann ein ikkje få opna munnen utan å markera eit standpunkt.

Det siste gjer eg for min part ofte nok allereide, med det bokmålsveldet som råder i dag. Bokmålet vert rekna som det nøytrale, medan nynorsk er det markerte språket. Når eg i daglegtala kallar landet vårt for Noreg, og ikkje for Norge, ligg det sjølvsagt ei politisk markering attum det, som mange vil bita seg merke i.

Eg hev soleides forståing for dei som vil neger-ordet til livs. Men det er ikkje dimed sagt at eg sjølv tykkjer det er so viktugt å gjera upp for dårlegt samvit yver forfedresyndene at eg hev tenkt å leggja um talemålet for å understreka det. Langt mindre vilde eg krevja noko slikt av andre. Og um eg fyrst skulde droppa neger-ordet, vilde eg samstundes ha slege eit slag for vårt eige norske mål. Då vert ikkje avløysarordet "astha", men blåmann.

...og når det gjeld diskusjonen um ein kann nytta ordet "mann" um personar um båe kjønn, so fær me evt. koma attende til det ein annan gong.

1 kommentarar:

Storstrand sa...

Det er ikkì tidt det hender at denne skrivaren er samd med Lomheim - men det hev hendt fyrr - og no hevd det hendt atter.

I Norìg og på norsk er og har ordet "neger" alltid vore nøytralt. Det tyder ikkì noko anna enn svart, og kem frå latin "negro".

Ein neger kan vera norsk - og ein nordmann kan vera neger - å difor innføra umgrepet "afronorsk" i pakt med politisk korrektskap er ikkì berre burtkasta energi - men hykleri, og det er med å splitta folket upp i mindre einingar og gera oss meir stridbare enn naudsynt - i beste romerske "splitt- og hersk-stil". Men det er kann henda det som er meiningi.

Folkegruppa heiter vitskapleg sett den "negroide" gruppa og det er eit nøytralt uttrykk, akkurat som den kvite gruppa heiter "kaukasisk" og den asiatiske "mongolsk".

Eg hev og sagt det fyrr. Det er like stor skilnad på "neger" og "nigger" som det er på "svart" og "svarting" og på "pakistanar" og "pakkis". Skal me brjota det meire upp - treng me verta meir nasjonalistiske - og bruka deira eigne folkegruppor: etiopar, somaliar og kongolesar.

Dessutan finst det kvithuda afrikanarar òg - og kva skulde ein gera um desse med rette krov å verta kalla "afroamerikanarar"? Dei hev like stor rett på det.

Me lyt slutta med dette her med rasar no. Det er pisspreik - og kann ikkì forsvarast ut frå Bibelen. Alle menneske har same blod frå upphavet av. Skilnaden ligg i pigmentdensitet, og det er ikkì noko gale å skilja på det.

/